Skip to content

Noko som lyser

Torgeir Haugaard/Forsvaret

Om

Taler

Kjersti Stenseng
Arbeids- og inkluderingsminister

Dato

Sted

Tinde Fabrikk, Vinstra

Omstendigheter

Åpning av Tindekonserten på Gudbrandsdal Musikkfest

Tale

Kjære alle saman!
Vi gudbrandsdøler pleier ikkje å bruke store ord.
Men Gudbrandsdølen Dagningen gjorde eit forsiktig unntak etter Gudbrandsdal Musikkfest i 2022.
«I dag vågar vi påstanden at hundrevis av døler har det litt annleis inni seg», skreiv GD på leiarplass. 
Avisa skreiv at nokon kanskje kjente seg rike etter musikkfesten. 
At nokon kanskje kjente eit eller anna som lyste innom bringa. 
At nokon kanskje kjente seg heime.

Kjære venner.
Det treng vi no.
I denne tida er mange opptekne av det som splittar oss.
I dag feirar me det som bind oss saman.
Og det er ikkje så reint lite.
Gudbrandsdal musikkfest bind saman dølar frå bygd og by - fordi den haustar frå det kulturelle mangfaldet i heile dalen.
Den bind saman offentleg sektor, privat sektor og frivillig sektor - fordi kommunar, næringsliv og engasjerte dølar frå heile dalen bidreg til festen.
Den bind saman oss som bur i dalen med dei som bur utanfor dalen - fordi den byr på folkemusikk og klassisk musikk frå både innland og utland.
Sissel Kyrkjebø fekk halsbetennelse og kunne ikkje komme.
Det var ein nedtur som blei til ein opptur.
For musikkfesten og gudbrandsdølane kasta seg rundt og tenkte nytt - slik dølar pleier å gjere.
Mari Midtli frå Sel og Iva Thorarinsdottir frå Island og Lillehammer stilte opp på kort varsel.
Gullstrupa frå Bergen vart erstatta med gullstruper frå Gudbrandsdalen.
Vi gudsbrandsdøler pleier ikkje å skryte.
Verken av andre eller oss sjølve.
Vi nøyer oss med eit lite klapp på skuldra når nokon har gjort noko bra.
Men i kveld skal vi klappe mykje og lenge.
Både for andre og oss sjølve.
For vi har mykje å klappe for.
Denne festen får oss til å sjå - og forstå - at stjerner ikkje berre kjem langvegs frå, men at dei fins i by og bygd i dalen vår.
For på denne festen står unge lokale talent saman med profesjonelle aktørar.    
Og alle imponerer stort.
Denne festen får oss til å sjå - og forstå - at musikk er for oss alle.
For på denne festen sit dei som høyrer Händel på stereoanlegget i stova saman med dei som høyrer songar frå åttitalet på P4 medan dei pløyer jordene.
Og alle har like stor glede av musikken.
Når vi går på konsert saman - opplever vi å høyre saman.
Det viser forskning frå Universitetet i Bergen.
I kveld skal vi oppleve musikk saman og oppleve at me høyrer saman.
Vi gler oss til slått frå Gudbrandsdalen, parti frå klokkesymfonien og folkedans frå Ukraina.
Vi gler oss til Tidekoret med unge som kjem frå heile dalen.
Stor takk til Tinde Fabrikk som opnar dørene og ryddar fabrikkgolvet.
Stor takk til alle dykk som får dette til å skje.

Kjære alle saman.
Eg seier som Gudbrandsdølen Dagningen – men heilt utan forbehold:
I kveld kjenner vi oss rike.
Vi kjenner noko som lyser innom bringa. 
Vi kjenner oss heime.

Kilde

regjeringen.no

Emner