Kjærleiken tek aldri slutt.
Det meste tek slutt i dette livet. Nesten alt. Men ikkje kjærleiken. Kjærleiken tek aldri slutt.
Livet og kjærleiken er dei største av alle Guds gåver til oss. Størst av alt er kjærleiken, endå til sterkare enn døden.
Kjærleiken mellom folk og kong Harald er ikkje slutt, heller tvert om. Havet av blomar med dei orda og teikningane som ligg ved, talar sterkt og tydeleg om det hjarta er så fylt av at det renn over. Kjærleiken har fått tårer av sorg.
I talen på Akershus festning ved 75-års markeringa av frigjeringa etter krigen, siterte kong Harald den dødsdømte motstandsmannen Carl Johan Oftedahl, som var fange der. Den siste kvelden hadde han èin bodskap: «Hils våre landsmenn og si at de må bygge Norge i kjærlighet.»
Kjære landskvinner og landsmenn, kjære alle saman: I dag ser vi at kong Harald sjølv har vore byggmeister for dette prosjektet.
Han ville femne om oss alle, alle skulle kjenne at dei høyrde til, og særleg alle som har kjent seg utanfor. Slik vart valspråket «Alt for Norge» også eit kjærleiksord – til oss alle.
Å leva det er å elska, å spegla Guds himmel av. Det skjer ikkje ved å vere perfekt eller utan feil, men når vi maktar å formidle eit gjenskin av Guds kjærleik i det daglege liv. Vi kan alle gjere enkle og viktige ting som byggjer bruer mellom oss: Å møte kvarandre, lytte, sjå og respektere den andre.
Ein litt spesiell spegel såg vi i kong Harald og dronning Sonja sitt liv saman. Kjærleiken tok ikkje slutt, sjølv når den måtte vekse i det skjulte. Det vart eit godt liv.
Vi veit at vi kan også oppleve det som om kjærleiken har sine grenser.
Døden skil oss jo frå kvarandre. Slik er det.
Vi får heller ikkje alltid til å elske vår neste som oss sjølv, sjølv om vi både prøver og vil.
Vi ser også i denne verda mange teikn på at det ikkje alltid er kjærleiken som rår, men likesæle, ja, endå til hat, vald og krig.
Kjærleiken tek likevel ikkje slutt. Han er der, som eit mål, eit ideal vi alle kan strekkje oss etter.
Å vere rettskaffen var eitt av kong Haralds høgste ideal.
«Kjærleiken gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga», høyrde vi. Kjærleiken inneber også motstand, ja motkraft som trengst når det røyner på.
Kjærleiken er meir enn varme kjensler. Han trengst, når det er noko som står på spel, når vi må kjempe for alt vi har kjært: «Alt heldt han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han».
Kjærleiken tek aldri slutt, fordi den er noko større enn oss.
Kjærleiken er livets kjelde, skaparkrafta i verda. Livet sjølv er ei gåve vi har fått frå Gud. Vi har den skapande krafta i oss og mellom oss.
I dag er det tid for å takke for det vi får av dagar i vårt liv. Som diktaren Edvard Hoem skreiv i salmen til kongeparets syttiårsdagar: «No stig vår song, vår takk til Gud, for nådens korte tid.» «Vi takkar for kvar nyfødt dag da våre sansar opnar seg.»
Så er det noko som heiter «kjærleikens gjenskapermakt». Den har på særleg vis noko guddomeleg i seg. Nåde heiter det. Noko vondt kan rettast opp att, det finst nye, blanke ark.
Der miskunn og kjærleik bur, der er også Gud. Kjærleiken høyrer det evige til. Men han er også her og no, i vår verd og i vårt liv.
For Gud elskar verda, skaparverket, og alle menneske.
Gud har gjort motstand mot det vonde, mot uretten vi skaper, mot synda, mot sjølve døden - og vunne.
Den kjærleiken Gud har til oss, og til verda, har Gud vist oss på ein særleg måte i Jesus Kristus. Gud elska verda så høgt at han gav son sin den einaste, endå til inn i dødens mørke, så vi ikkje skal gå til grunne, men ha evig liv.
«Når Kristus sprenger dødens rom, fell siste stengsel ned.»
I møte med sorg og døden møter vi Guds kjærleik. For Guds kjærleik tek aldri slutt. Ikkje fordi vi fekk til alt, men som nåde.
Vi treng nåde.
Ei såra, oppheita jord, og ei lidande, urettferdig verd, treng det.
No er det vi som skal spegle himmelen, i landet åt dei levande.
No er det vi som skal byggje vidare i kjærleik, i Noreg, og i vår eine verd.
No er det vi som skal vise at kjærleiken tek aldri slutt.
Med Guds hjelp.
Amen.
